Danmarks Nationalbank
Utsjånad
Danmarks Nationalbank | |||
Danmarks Nationalbank i København, teikna av Arne Jacobsen. | |||
CVR‑nummer | 61092919 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1. august 1818 | ||
Hovudkontor | Havnegade 5, 1093 København K | ||
Land | Danmark | ||
Grunnleggjar(ar) | Fredrik VI av Danmark-Noreg | ||
Nettstad | www.nationalbanken.dk |
55°40′37″N 12°35′10″E / 55.67694°N 12.58611°E Danmarks Nationalbank er sentralbanken i Danmark. Nasjonalbanken blei skipa i 1818, som eit resultat av at staten gjekk konkurs i 1813 (Statsbankerotten). Hovudlovheimelen for dagens sentralbank er frå 1936, då den nye sentralbankloven blei vedteken. Sentralbanksjefen per juni 2012 er Nils Bernstein.
Dagens Nationalbank har desse hovudoppgåvene:
- Sikra stabile prisar, det vil seia å oppnå låg inflasjon. Ifølgje eigen nettstad gjer nasjonalbanken dette ved å innretta pengepolitikken etter ein fast kronekurs i høve til euroen.
- Sikra betalingar. Nasjonalbanken skal sikra avviklinga av kontante og elektroniske betalingar. Banken opplyser at han gjer det ved at han gjev ut setlar og mynter og sørgjer for at pengeinstitutta kan avvikla innbyrdes betalingar.
- Stabilitet i det finansielle systemet. Nasjonalbanken overvaker finansiell stabilitet og betalingssystem, produserer finansiell statistikk og forvaltar statleg gjeld.[1]
Sidan Danmark er medlem av EU, er også sentralbanken medlem av Det europeiske systemet av sentralbanker (ESSB) og eurosamarbeidet. På denne måten har banken innverknad på pengepolitikken og den økonomiske politikken både i Danmark og i EU.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Danmarks Nationalbank» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.
- ↑ Kort om Nationalbankens opgaver, Danmarks Nationalbank, 24. mai 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2007-11-26 ved Wayback Machine.